Kva eg snakkar om når eg snakkar om skjønnheit

Skrevet av Sigurd Randby | 21. april 2025

2. – 4. mai finner årets høydepunkt innen klassisk arkitektur sted i Oslo: Beauty & Ugliness in Architecture. Sivilisasjonen er medarrangør av konferansen, og medlemmer i Sivilisasjonen får rabatterte billetter. Nedenfor følger en tekst av den klassiske arkitekten Sigurd Randby, som er én av talerne på årets BUA-konferanse og dessuten en av konferansens arrangører.

Det forventes at billetter til BUA 2025 blir utsolgt i god tid før konferansen går av stabelen. Sikre deg billetter i dag!


Eg har lenge påstått at arkitektar ikkje teiknar vakkert nok. Det er ein provoserande påstand, nesten like mykje for meg sjølv som for alle andre arkitektar eigentleg. Arkitektur er meir enn stygt og pent seier dei, og endrar samtaleemne. Men eg insisterer—Eg trur at ei vissheit om kva som påverkar den estetiske opplevinga av omgivnadene er føremålstenleg for alle formgivarar. Så no gjer eg eit forsøk.

Til behag for auget

Skjønnheit er ikkje noko nytt som tema i arkitekturen. Den eldste kjelda vi har om estetikk i arkitektur kjem frå Vitruv, den aller fyrste arkitekturteoretikaren. Han definerte tre hovudmål for arkitekturen: firmitas, utilitas og venustas, på norsk oversett til varigheit, funksjonalitet og skjønnheit. Det er stort sett brei semje i faget om at desse tre kan leggast til grunn for all god arkitektur, men usemja viser seg raskt når ein byrjar diskutere innhaldet i dette vakre.

I ei alternativ omsetjing av Vitruv erstattar ein ordet skjønnheit med «behag», som for meg er ei frigjerande nyansering. Skjønnheit ser vi gjerne som ein subjektiv preferanse, slik vi alle har ulik smak i mat og kultur. Behag krev noko anna av arkitekten. Ein form for empati kanskje. Vitruv skriv at «[behag] skapes når byggverket får et elegant utseende som blir en fryd for øyet, og når de forskjellige bygningsdelene utformes etter prinsippene for [symmetri]». Det estetiske uttrykket til bygget er altså ikkje berre sidestilt med nytte og konstruksjon, men skildrast vidare som ein eigenskap i samanstillinga av desse, med auget som dommar.

Når Vitruv snakkar om symmetri, brukar han den antikke, greske definisjonen av ordet. «Symmetria» er ikkje det tosidige, geometriske samsvaret vi snakkar om i dag, men sammålbarheit— der alle delane i verket er proporsjonale med kvarandre og med heilheita. Vitruv brukar menneskekroppen som eksempel, der lengdene av kropp, arm, hand og finger følger karakteristiske og gjentakande intervall. Slik må det vere med arkitektur, påstår han, og forklarar oss modulsystemet i søyleordenane, men det skal også gjelde all anna arkitektur. Om vi teiknar for visuelt behag, teiknar vi for ein estetisk heilskap der store og små bygningselement heng saman i ein felles visuell grammatikk.

Eit indre estetisk kompass

Dette kan riktig nok overdrivast, og opp igjennom tidene er det fleire som har forsøkt å argumentere for ein universal, matematisk formel for skjønnheit, slik som det gylne snitt. Men å få verda til å gå opp i millimeter viser seg vanskeleg, og av den grunn vil eg tru det er feil. Eg trur Michelangelo var inne på noko då han sa at «auget er ditt måleapparat». For auget er ingen lasermåler. Det ser heilskap.

Eg trivst i ei platonsk tilnærming til estetikken: Ei tru på alle har ein ibuande evne til å vurdere om noko nærmar seg det ideelle eller ikkje. Då vert det vakre noko støre enn oss—kanskje ein refleksjon av idéverda, eller kanskje eit instinkt frå steinalderen. Det gjer ikkje alle til kunstnarar, men det gjev kunstnarane eit mål. Om kvar og ein av oss har eit indre estetisk kompass, tek det vekk elitismen i det heile.

Vi saknar skjønnheit

Truleg er det mange som vil argumentere for at kunsten har langt fleire mål enn berre det skjønne, og kanskje bør få spele på både gode og vonde kjensler, men kan vi eigentleg  tillate oss at arkitekturen, den offentlege byggjekunsten, skal teiknast i vonde kjensler? Om ikkje arkitekturen siktar på det behagelege, kva då?

Vi har blitt opplært til å tru at god arkitektur er den som kan skildrast rasjonelt. Eg trur vi er på veg til å innsjå at denne uttrykte rasjonaliteten er nedtrykkande – at vi saknar noko i dei bygga som ikkje kommuniserer noko anna enn seg sjølv. Eg trur vi saknar skjønnheit.

Estetikken er irrasjonell. Og det må han få lov til å vere. Ofte er han så personleg at det er vanskeleg å snakke om han objektivt. Men det betyr ikkje at ein kan kome seg unna han.

For sjølv om skjønnheita er uhandgripeleg, må vi sikte på ho likevel.

Hva er argumentene for toll? Hva er argumentene imot? Hvorfor kaller Trump dagen for annonseringen ...
Hvor menneskelig er det ikke å undres over kjærlighetens uransakelige veier, enten man finner det ...
Etter å ha lest de hundreogåttitre sidene ble jeg til slutt sittende igjen med ett ...
Han er først og fremst kjent for å ha revolusjonert teknologibransjen med oppfinnelsen av CSS ...
Det er selvsagt ingen hemmelighet at når man en gang i livet våger seg ned ...
Årets største arkitekturhendelse i Norge – eller kanskje i hele Europa – er på trappene: ...