Dagens dikt: Eftan på Vår Frelsers Gravlund

Skrevet av Tobias Collier Ytterbø | 25. august 2026

Eftan på Vår Frelsers Gravlund

av T.C. Ytterbø

Ved blømande syrinar under himmelraust,
og signa sjeler kvilande i vigsla jord.
Sumarsola glimra og stod høgt i aust,
og eg satt fjetra som eit barn i ånd og ord.
I graset satt eg drøymande og las ei bok,
og gamal storleik tala gjennom hundreår.
Mål og meining, tid og stad gjekk opp i kok,
og femna meg med lengt til landet attanfor.

Mens liv og larm ikring oss gjekk sin vande gang,
satt eg eismal, sveipt i hug av ånd og ord.
Sumarsola skein og gjorde dagen lang,
og alt var fint og fredeleg på denne jord.
Men sæla brast og treiv meg ifrå drøymeland,
da nokon la ein varsam hand på aksla mi.
Eg mælte: «kven som freistar bry ein fredsam mann,
teken opp i tankesviv og poesi!?»

«Ein ven» eg høyrde einkvan svare bakom meg,
eg vende om og feste auga på ein mann.
I silkeskjerf og kåpe som ein borgarleg,
og andletsdrag som oste flogvit og forstand.
Han syntest kjend frå dulde minne langt attende,
men hugsekunsten stridde mot og stogga der.
Eg tok til mot og sa i sanning til min frende:
«eg kjenner deg, men hugsar ikkje kven du er».

«Ikkje kven eg er, men kven eg var» sa han,
«som diktar lét eg virke i min ungdoms vår,
Og skreiv om Noregs demring da vårt fedreland,
vakna opp frå nattesvevn og trælekår.
Men me er berre minne etter eigne draumar,
Ein avglans av den bragelovnad livet gav.
Som bivrar som eit atterljom i ævestraumar,
og skin som Soria Moria i eit skoddehav».

Det ljosna som ein loge i mitt stille sinn:
«så er du Welhaven? Poeten?» spurde eg.
Men mistru smaug og melde seg i hugen min:
«du seier «me» men sit i einsemd her hos meg».
Han smilte lurt og lét min vantru stå til svar:
«Fleire hjortar laugar seg i livsens å».
Han vende om og peika imot kyrkjegard,
eg følgde med, og der som trolldom fekk eg sjå:

Wergeland som vyrd vart nemnt i all sin verd,
stod på berg og deklamerte som ein skald.
Aasen satt og grunna som ein annan lærd,
i djupe tankar, skreiv med flid og atterhald.
Ibsen og Bjørnson, arm i arm og slag i slag,
gjekk og krangla ilt og kvast, den eine gapte:
«Hvem teller vel de tapte slag på seierens dag
den andre tora: «evig eies kun det tapte!».

Eg summa meg, men hugen flimra vill og sæl,
og tankeknutar sprang i blom på tungeblad:
«Å gjev du ville tala med ein verdsleg træl,
som kveikjer opp i tankeflog av dine kvad.
Du som ordhag leikar gjennom tankeflaum,
og føyer visdomskunst i vers forutan like.
Som skipar ånd og ord i saman til ein draum,
og løfter oss på sjeleferd mot himmelriket».

Han sette seg til ro i graset attmed meg,
og stilla femna vidt og veldig over land.
Men nye spørsmål melde seg og sprang i veg,
i ans og undring over slik ein fagnamann:
«Å skald som rører kjensleliv og himmelsfære,
med song som kastar solarglos i solefall.
Kor kjem den frå, den form som vann deg ry og ære,
da du drakk brageskål og følgde diktarkall?»

Tagal satt han stundeslaus i tankesvall,
men nett det same skok han til å svara brått:
«Menneskesjela synast å forstå sitt kall,
pressa mellom lærdomslyst og røyndomshått;
eit minne frå det røynde liv og lagnadsdom,
ei bok som fyrer tanken opp i stjernerap,
den ljuve kjærleiksrus som vender verda om,
bind jord og himmel saman i eit ekteskap.

Ordet er ein eld som døyper tankestorm,
og vers og line glør som gull og glimestein.
Tøymer vit og fantasi i ånd og form,
så mål og meining finn kvarandre og blir ein.
Musar dansar vilt og utemd over meg,
og vekkjer oppatt hug og sjel i signa glød.
Alt strøymer ifrå opphavs-ile æveleg,
og spring til liv i altarvin og suttungsmjød.

Sjå der! Den lærde målmann sit med penn og bok,
og grunnar djupt og inderleg på sine ting.
Skriv seg fram og vigslar vers med pennestrok,
så emnet byrjar ovre seg i framsyning.
Og der! Dei kranglevorne to i strid og storm,
renn med kjeften kivande og valdar skjenn.
Skapar om sitt tankegods og skipar form,
for tvil og tru er frendefolk blant likemenn.

Og han! Min eigen erkefiende syner seg,
og seier fram sitt heilagkvede hemningsfri.
Overveldar folkehopen meisterleg,
når emnet kling med hjartelag som poesi.
Diktinga veit meir enn nokon opphavsmann,
for ordet tek sin samanheng i herlegdom.
Hjartet aner eit og anna dann og vann,
som sunn fornuft i sanning ikkje fattar om.

Som kvelden gjekk i drøs og drøfting langt og lenge,
leid det imot skymingstid og soleglad.
Og nett som praten byrja vinne fram og fenge,
var tida inne for å koma seg av stad.
«Meister» sa eg, «du har gjeve syn for segn,
men enno sit eg ottesam i eitt og alt,
Den høge kunst som kringar oss i tryllehegn,
svinn i gløymsla inn når siste vers er talt».

«Min ven» han svara, «tøym di sut og stogg di kvide,
godt og vondt er livet laga midt imot.
Mangt og mykje, røynd og lært i verda vide,
gjer døra høg og porten vid til hjarterot.
Me seier soger som me ber i hjartekav,
når hjartet sjølv har tråkka stien stor,
Og skapar sogekunst slik me vart skapte av,
ein Gud som talar verda troll i ord».

Med desse ord han baud farvel og takk for seg,
og drog til fyndeheimen att for auga mine.
Såg seg att eit bel og vinka nøgd til meg,
og kvarv i stilla bort i lag med alle hine.
Eismal satt eg undrande i graset att,
og draum og røynsle stod der som ein tankekross.
Eftanroden sprang i brising der eg satt,
ja, ordet det er æveheimen som har teke del i oss.

I denne episoden av Usivilisert tar Adara og Henrik Høeg lytterne med langt forbi de ...
Bork Nerdrum argumenterte i et tidligere meningsinnlegg i Sivilisasjonen for at vårt nåværende demokrati ikke ...
– At et håndverk er hierarkisk, i form av å anerkjenne at et produkt er ...
I vår tids «hyperaktivitet» flykter vi ikke fra undertrykkelse, men fra stillhet, skriver Sara Gondal. ...
Tidlig i mars kom den nedslående beskjeden om at Dagfinn Føllesdal hadde gått bort. Denne ...
Blant de mer utskjelte «skolene» i den vestlige filosofiens historie finner vi nominalistene, i den ...