Stjerneskot | Ei julenovelle

Skrevet av Olaug Helen Attramadal | 25. desember 2025

Den forteljing som her fylgjer, er førd i pennen av Olaug Helen Attramadal, og tufta på ei sann hending frå slutten av 1800-talet.


Stjerneskot

Olaf og Ingemann leika uti tunet, føtene var frosne i kalde tresko, men dei vørde det ikkje.  Borna var så glade at dei ikkje ensa noko. I dag skulle dei for fyrste gong gå åleine bort til tante Larsine som budde i Attramadalen.

Anders J. Attramadal som eigde og dreiv bruket der hadde vorte enkjemann for nokre år sidan, då kona hans Ingeborg frå Ljostveit døydde i barsel. 

Han var åleine med tre born, som trong ei kvinne i huset meir enn nokon gong. Den vanskelege lagnaden løyste seg.  Anders vart kjent med Larsine frå Plasset, nabogarden rett over vatnet. 

Dei gifta seg. Larsine flytta til Attramadal.

– No må de koma inn bodn! ropte mor.

Mor hadde vore i kista og leita fram dei finaste kleda til borna.  

Det var  tredje juledag, og romjul.

Ingemann  byrja å skjelva, han skulle i finstasen, han skulle besøkja tante. Mor hadde baka julekake som han skulle ha med seg. 

Det dura i vedomnen, og det knirka i golvet når mor gjekke til og frå bordet  der kleda låg.   Borna sto heilt stille og torde mest ikkje pusta.  Dei gledde seg så barmen mest ikkje kunne tola det.

Mor kjende frysningar, håra reiste seg på armane – det å få kle borna i slike fine klede. Far gjekk ut av stova, han kjende tårer pressa på.  Gutane var vorte store, dei skulle fara i veg åleine. No skulle mor og han få vera litt for seg sjølv. 

Han gjekk opp på lemen, og la merke til at katten hadde lagt seg i senga der borna sov.

Jaja, tenkte han, det er vel for noko det og.

– Stå i ro med dåke! Er ikkje ferdig endå, sa mor.

Ullsokkar og tresko hadde vorte gode og varme attmed omnen. Borna var utolmodige. Dei ville i veg.

– Kor e katten,  den pleie allti å liggja attmed omnen når da e so kaldt, sa Ingemann.

Han kalla på pusen, og ville kosa med den og fortelja at no skal me til Attramadal og vitja tante. 

– Katten e her oppe, ropte far frå lemen. Den liggje i senjå dåkas bodn, og den vil ikkje derifrå, sa han, og humra med seg sjølv.  

No var det ikkje tid til korkje katt eller leik, dei var ferdig påkledde. Ingemann fekk julekake med seg i eit knyte.

– Gå ne’ te nauste, gå på utsiå tå holmen og rett bort te Finafjerå. Hald dåke långt ifrå elvå,  der e isen lumsk. Olaf ska bera lyktå, den kan de få bruk for heimatt, sa far med streng røyst.

Det sitra i kroppen av spenning, dei la på sprang. Ingemann i for store tresko.

– Vent! ropte Ingemann. 

Olaf var komen langt  på den humpete kjerrevegen.

– Eg ska venta på deg med nauste, svarte han.

Ingemann skunda seg alt han klarte, men brått mista han eine skoen og datt. Han kom seg fort opp, og la på sprang igjen. 

– Du halta, Ingemann! 

– Eg mysste skodn og datt,  men eg halta ikkje.

– Jau, da gjere du! Har du vont?

– Ja, litt.

Olaf gjekk heilt bort til veslebror sin og såg på han med intense auge.

– Me går snarveien, du klara ikkje halda fylje stort lenger med vond fot.

– E du galen, meina du at me skal gå på innsiå tå holmen, då kjeme me altfor neme elvå. Far sa at me alder sku gå der. 

– Far ser oss ikkje no, me trenge ikkje sei noke om da.

Olaf smilte og lo, tok eit godt tak i handa til broren. Det var stålis og det vart treskoskeising.  

Lukkelege, hand i hand klampa dei bortetter isen på veg til tante med julekake, og i sine finaste klede.

Far vakna,  såg bort på mor – på det vakre gode andletet som han tykte slik om. Han strauk ho varsamt over håret, kledte på seg og gjekk ned i stova for å leggja i omnen. Han kasta eit blikk bort mot Attramadalen. Husa der sto tett oppunder berget, ein  kunne ikkje sjå dei.

– Sigri, no må du koma og eta!

Ho svarte ikkje. Han gjekk opp og såg at ho framleis sev. Ho sev så godt at eg vil ikkje vekkja ho, tenkte han, gjekk ned, sette seg i gyngestolen og tente pipa.

Det knirka i golvet oppe, mor kledte seg og kom smilande ned trappa.

– Gustav, eg drøymte så fint at da sete i heile kroppen. Gutane kom te meg, dei va inni et lys og va så lukkelege og glade. Eg kjedne da i heile meg, og i heila huse.

Han såg lenge på henne, tok ho i handa, sa ikkje noko.

– Da bjynta snart å mørkna, sa han, og gjekk bort til glaset for å sjå etter gutane.

– Larsine sende dei nok heimatt snart ska du sjå, smilte Sigri.

Gustav var på veg over isen til Attramadal.  Han bar med seg to lykter. Han beit tennenen saman.  Kvifor hadde ikkje dei vaksne i Attramadal sendt dei heim før det mørkna, tenkte han.

Gustav banka hardt på døra i Attramadalen. Anders kom ut.

– Kor e gutane? sa Gustav med sår stemme.

– Har ikkje våre noken her, sa Anders. Dei såg på kvarandre, begge skjøna. 

– Da e ei ekstra lykt borti floren,  sa Larsine.  Eg ska vera med. 

Alle tre tenkte det same, gjekk bort til holmen, og såg bort mot elva.   

– Ingemann! Olaf! Dei ropte, men skjøna det var for seint. Gustav byrja gå altfor nærme  elva.

– Kom tebakars, ropte Anders, – gå bort te Plasset me Larsine,  Sigri venta. Eg ska leita.

Anders hadde vore mykje ute på isen i det området, og visste kor straumane gjekk.

Brått skimta han to  skikkelsar under stålisen. Der låg dei, hand i hand.  Anders mista lykta, og datt på kne.

– Ingemann, Olaf,  sa han med svak stemme.

– Fader vår, du som er i himmelen, lat namnet ditt helgast, lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.

Gutane låg i bestaståvå fram til gravferda. Kvar einaste natt var himmelen full av stjerneskudd og vakre lys. Det var Gud som henta sjelene heim.

Ni månader seinare låg Sigri i barsel. Jordmora arbeidde alt ho klarte for at det skulle gå vel.

Gustav gjekk kvilelaust fram og tilbake i stova.  Brått høyrde han ei voldsom remjing og skraping  på utedøra. Han gjekk og opna. Der sto katten med knytet som Ingemann hadde bore julekaka i .

Gustav tok knytet i begge hendene, og pressa det hardt mot andletet.

Inne i bestaståvå vart der i same stunda født ei velskapt jente.                 

Det er en glede å kunne meddele at «Det antikke speilet: Hva er klassisk kultur, ...
Jeg stod med en slik sviende unaturlig knekk i nakken foran den hypnotisk monumentale forsiden ...
Carl Korsnes, redaktør i Sivilisasjonen, har som den første nordmann noensinne deltatt i den prestisjetunge ...
Kampen for vakre bygg og bylandskap har de siste årene fått vind i seilene med ...
Arkitekturopprøret la i romjulen ut et innlegg om St. Olavsgate 32 i Oslo og plansaken ...
For den visjonære og jordbundne nobelmannen Petter Olsen er Ramme ment  å være et sanatorium ...