Spelmann i ei tidlaus verd

Publisert 27. august 2019 av

– Ingen ting har «hatt si ti’» av det som har varig verdi, seier Knut Buen, spelmannen frå Tuddal som i ein mannsalder har formidla folkekultur til unge og gamle.

Tonane frå hardingfela gjallar mellom kyrkjeveggane slik berre feletonar kan. I Bønsnes kyrkje, som etter soga blei bygd av Olav den heilage, sitt ein vaken hop og ved alteret står Knut Buen på ein tidlaus scene. Mellom kvart stykkje fortel spelmannen ei lita vise eller deler av eigen undring og evige visdomsord.

Knut Buen er hardingfelespelmann, folkeminnesamlar og rosemålar. Sidan 1960-talet har Buen vore ein aktiv folkekulturformedlar, både i fjernsyn og radio, og han held gjerne meir enn femti konsertar kvart år – i dag i medelalderkyrkja ytst på neset i Tyrifjorden. 

– I Bønsnes kyrkje, som etter soga blei bygd av Olav den heilage, sitt ein vaken hop og ved alteret står Knut Buen på ein tidlaus scene, skriv Carl Korsnes.

Sivilisasjonen møter Buen utanfor kyrkja denne ljose seinsumarkvelden for å høyre meir av livsundringane til ein av Noregs store tradisjonsberarar. For kva er eigentleg verdien av å formidle tradisjonar i ei tid med skylappar for alt anna enn framtida?

Tradisjon og kokkestell

– Eg har eit motto: «Fyrst må du ape, så kan du skape», seier Buen, som sjølv hadde telemarkingspelmannen Olav Løndal som læremeister. Blant spelmenn vert det lagt stor ære og verdi i kven som var læremeisteren deira. Arven skal berast vidare. 

All kunst blir drive fram til eit visst punkt, som ein kan kalle det klassiske ideal, meiner spelmannen. – Og viss ein vil gjere noko utover det, blir det smaklaust. Då er det berre ein ting å gjere: Å vende attende til det klassiske idealet.

Det «smaklause» er ifølgje Buen det same som det «historielause». Det ledar korkje til utvikling eller til framgang. Dei revolusjonære tankesetta til Rousseau og Voltaire, opplysningstidas pionerar, handla ifølgje Buen om å vende attende til dei gode klassiske ideala.

– Når det gjeld det å styre kultur, har eg lyst til å sitere far min: «Også dei som har mista sin smak må ha mat, men dei bør helst ikkje overta kokkestellet». Det synast eg er eit godt ord på at mange ikkje regnar historie og tradisjon som naudsynt for å kunne sitt fag. Men det er nettopp det som er viktig, understrekar han. 

Minimalisme mellom øyra

Noko av det som skremmer Buen er når nokon ser bort ifrå storslått kunst, og seier «Det har hatt sin tid». Han bryt ut: – Ingen ting har «hatt si ti’» av det som har varig verdi! 

Faren med minimalisme og «anna moderne overflatiskheit», påpeiker Knut Buen, er å tru at det finnast så mykje nytt. Han siterer Hamsun: «Det gives ikke noget moderne kunst. Det er de gamle hulemaleriene som kommer tilbage.»

– I mytane om det lunefulle vasstrollet Fossegrimen, som er dyktigare med fela enn noko anna menneske, evna han å dra folk inn i fossen med sitt utrulege spel, skriv Carl Korsnes. Illustrasjonsbilde: «Strömkarlen» (1905) av Ernst Josephson.

– Ein kan ikkje sjå bort ifrå alt som blir gjort i moderne tid, som til døme minimalisme. Men viss ein startar å dyrke minimalismen, ender det ofte med at ein får minimalismen mellom øyra, og då har ein ingenting å snakke om lenger. 

Hardingfela er med si ljomande klang og forførande toner som eit motstykke til minimalismen. I mytane om det lunefulle vasstrollet Fossegrimen, som er dyktigare med fela enn noko anna menneske, evna han å dra folk inn i fossen med sitt utrulege spel. Det er ikkje utan grunn at fela vert rekna som djevelens instrument. 

Genane hugsar

Folketradisjonar handlar også om å dyrke dei moglegheitene ein er født med, om ein skal tru spelmannen frå Tuddal. 

– Ein må ikkje sjå bort ifrå det ibuande, som ein kan sjå i til døme dyreverda. Fuglen veit korleis å sy reiret, beveren veit korleis han skal byggje dam. Mennesket har hatt noko av denne medfødde evna frå fyrste stund. Det handlar om å utvikle den aninga. Viss ein ser bort ifrå det medfødde og trur ein må lære alt mogleg, så ser ein bort ifrå ein moglegheit ein er fødd med. 

Buen illustrerer fleire av tankane om livet med fortellingar: Han hugsar ein indiansk idrettsutøvar, som kvar natt søv under ei gran i eit telt. Folk spurde han kvifor han låg der når dei andre idrettsutøvarane ligg på luksushotell. «Slik har alle mine forfedre og formødre levd, og det vil eg au. Du skjønar, genane hugsar», svarte indianaren. 

Buen kallar dette for «arveminnet». Ein enkel måte å seie ein samansett sak på.

– Eg har høyrt om psykologar som hadde behandlingsromma sine fylt med gjenstandar frå ulike kulturar. Dei spurde pasienten om det var noko dei følte meir for enn andre, og då stemte det ofte at tingen dei følte mest for var ifrå deira eigen bakgrunn.

– Den mytologiske verda er tidlaus, seier Knut Buen. Foto: Carl Korsnes.

Buen trekk fram William Blake, som meinte at den eigentlege verda var den mytologiske. Blake måla og teikna det guddommelege temmeleg tett opp til dei same førestellingane som Michelangelo hadde då han malte det Sixtinske kapell, påpeiker han.  

– Kan ein seie at det mytologiske er som ein slags urtilstand?

– Jau, for den mytologiske verda er tidlaus! 

Livet er eit lite beite

– Kvifor har det seg slik, trur du, at det tidlause nesten alltid er melankolsk? 

Knut Buen tagnar… Tenkjar. 

– Jau, sanneleg, det er riktig… Beethoven er slik. Når det kjem til stykke, er Mozart slik au. 

Han meiner melankolien som kjem til uttrykk – enten det er i lydarslåttar eller lieder – er «det djupe aspektet». 

– Ein veit vegen. Ein veit at ein er ein gjest i det evige. Livet er eit lite beite. Vi kjem innom det evige, og så reiser vi att. «Livets dans» av Munch handlar om at dauden dansar også med dei lukkelege. Ein har tilmålte år og lukka er noko som kjem innom og reiser att – det er noko som ligg der heile tida og som ein må ta omsyn til.

– Melankolien i understrengjene kan ein aldri koma ifrå.

Del og lik
Downton Abbey (2019) strider mot
Som fjernsynsserie var Downton Abbey en suksess og det er
Munchs skrik og Leonardos Mona
Med et skråblikk på kunstverden undrer jeg meg innimellom hvilken
Amerikas nye kulturhovedstad
Til mange nordmenns overraskelse er det en by i Mexico