På andreplass i Sivilisasjonens diktkonkurranse: «Hjortekolla kvit» av Thomas Løland

Publisert 3. april 2021 av

Redaksjonens anmerkninger: Hver dag fremover vil redaksjonen offentliggjøre ett og ett av de ti utvalgte diktene i Sivilisasjonens diktkonkurranse, og avslutter med selve vinneren. Diktene er blitt gjennomlest anonymt av juryen bestående av  Ulrik Farestad, Anders Brenno og Håvard RemVi understreker at den endelige rangeringen er basert på et poengsystem, og ikke nødvendigvis er et resultat av en enighet i juryen.

Alle de ti utvalgte diktene vil bli publisert her på Sivilisasjonen.no og dikterne vil få tilsendt den eksklusive førsteutgaven av Sivilisasjonen. De fem topprangerte diktene blir dessuten publisert i Sivilisasjonens neste trykte magasin. Selve vinneren får i tillegg diktet sitt filmatisert og mottar litografiet «Drifting» av Odd Nerdrum.

Det niende diktet blant de ti utvalgte er «Hjortekolla kvit» av Thomas Løland, som endte opp på andreplass:

Hjortekolla kvit

I himmelleitet finn eg brått meg sjølv:
Kor langt mi pil er skoten aust og vest! –
Eg strenga opp ein boge skapt av sølv,
Med veldig spenn: «Nå ber det eller brest!»
Og saumfór land og strand i vide krins;
På søking etter lykke, fann eg gull,
Og svinsa rundt som bonde krona prins,
Med hugen sveipt i fin angoraull.
Men ingefær, safran og myrra-eim
Kan aldri drukne slåtteangen frå
Den staden som eg kalla bu og heim –
I himmelleitet finn eg heimleg trå.
Kva nok er nok, så ferda verdt å lykte?
Fredlaus er lykka, som ser ut å flykte.

Der himmelleitet kyssar aude hav,
I stemneleia der, med mektig mot,
Eg trassa djupe skjebnesvangre kav,
Men ankra bunde fast i gammal rot;
I dette høge tårn – i denne borg,
Eg kjenner trossa danse napp og rykk
Frå gamle minne, alt frå barnekorg;
Den svermeriske lengt i djupe dykk.
Og himmelleitet skyt med vakre fjell;
Dei spisse tindar skrapar skyer sund –
Så klart som indre augo veit dei vel,
Og endå hildrar opp i vaken blund.
I dette høge tårn – i denne borg,
Der ingenting kan lette lengt og sorg.

I eik er krakken vel å merke pen:
Utsøkte skurdar grundig rista inn,
Med silkepute voven svært så ven;
På golvet, dette flotte tigerskinn –
Det læst å rekke tunge litt… og skratte;
Den svære stygge kjeften trekt i smil –
Kva ler du av, du usle fillematte?
Du vart då mine føter tent i kvil!
I testamentet for mi store makt,
Som alle andre ting i dette rom;
Med blodet tømt, og vist i all si prakt,
Med skuggeside synt så ovleg tom.
Her finst det alt i ønske måtte kjenne,
Men ikkje godt er livet utan henne.

Eg kjem i hugs den milde sommardag,
Då skuta sette segl mot fjerne land –
Det fanst i bygda ingen gjæve jag
For denne unge, æresjuke mann.
Eg heidra mor og far med siste kvast;
Blåklokker atter kima stille takk,
Før vekk eg vende aller siste rast,
Med store ambisjonar, pikk og pakk.
Ho venta meg på hamna, trist og lei;
Vi klemde hennar kjensler knappe foss,
Og svor på dette hade førte hei;
Men aldri etter skuta kasta loss
Har minnet vandra uti forne straum,
Før etter denne merkelege draum:

Eg drøymde at det bar i ville skog,
Så tett i tett med knivar-kvasse bar;
Der inni mørket stadig lengre drog –
Eg veidde noko ikkje visste var,
Men likevel, det trolla hugen rar.
Ei glenne inn; eg høyrde kjerret krasle,
Og klar med pil og boge var eg snar;
Eg såg den kvite hjortekolla tasle;
Ho glitra som frå gull i stjerneglans.
Eg spende bogen, sikta inn på bogen;
Ho snudde seg og møtte ans med ans;
Der inst i augo glana eg i logen –
Som natteramnar stirar inn i grua,
Var alle mine tankar døyvd og kua.

Og armen skalv i dette varme blikk,
Så bogestrengen dirra att og fram,
Og sakte slakna litt og litt i strikk;
Og hjortekolla stille stod, – så tam.
Med logeblikket inni hugen brann,
Eg kjende alle mine krefter vart
Som sakte tappa, skvisa ut og svann,
Til taket glapp, og verda kvarv i svart.
Eg vakna opp i demoniske rist
Og klamra etter vettet dunsta bort;
Eg samla sobre sinn og sikra visst.
Kva vette opna denne mareport?
Ja, sidan har eg tenkt meg halvt i hel;
I kolla kjende att mi kjæres sjel.

Med siste kysset vart ho frosen kald,
Men etter dette varme draumeblaff,
Mitt hjarta tina – telen sleppte hald, –
Nå strøymer gamle minne gjennom klaff:
Vi dansar gjennom lyngen, hand i hand,
Og spelar æveharpe snutt for snutt;
Vi spinn ei ledig flukt i alveland,
Som hjarto femnar om, og hevdar trutt;
På blømde bakkebrun, der under bjørka,
Der ligg vi midt i sommarheite akt,
Og hennar prakt er sol då røynda mørkna –
Så herleg deilig, hennar milde makt! –
Den venevovne drakt ho alltid ber;
På desse trådar tvinnar eg det her:

Er bjørka kvit, er kjæres svolne bryst
Så kvite som det vinterkvite dryss;
Er vatnet vått, er hennar skjede kyst
I syndeflod med tungevåte kyss;
Er havet blått, så minner augo om
To kongeblå safirar, meir enn alt;
Er kveiten blond, er kjæres lokkar som
Frå himmelåker langsmed kinna falt;
Er blomar vakre, undrar eg, og spør:
Kva orkidé, kva påskelilje har
Venleik på henne, som rosene strør?
Nysprotte lauvblad, som libjørka bar,
Så bleike vert jamført med henne å sjå,
Og likevel: Det kan ho ikkje forstå.

Det saknet – akk, det saknet etter henne!
Kva stoggar mine spor å følge lengt?
I dette fjerne land er grann å nenne,
Med skilje mellom venn og fiende tenkt:
D’er ingen felle utan fall-forstanden,
D’er ingen træl som ikkje tokkar skit –
Dei hovne hender heidrar berre fanden
Og gnukkar rubb og stubb i deira slit;
Dei alle traskar rundt med lange masker
Og skjuler sine sanne hen og sikt;
For pengeurt er desse gjetartasker,
Med vreide deira aller høgste plikt!
Dei kviskrar både høgt og lågt om vald,
Frå både høgre hald og lægre hald.

Dei tenker nok eg ikkje veit det godt;
Dei tek meg vel for tosk og fjols og narr?
Så får det vera deira range hått!
Ei løve sleiker sine eigne arr…
Det gneistar fælt frå mine harde driv!
Så kven må klandre deira lyst for vald?
Og døyr eg ikkje då på eigen kniv? –
Som kledd i keisarklede blottar fald.
Å arme folk! – dei maktar ingenting,
Og utan mine evner vil dei svelte!
Så viss eg følger elsken rundt i sving –
Til henne – vil så alt eg bygde velte?
Eg kjenner skjebnen splitte seg i to,
Og held eg begge delar, riv det blod…

Dei begge vala knuar kvar si kvide:
Her trippar livet utpå tynne line;
Og der, på nesten jordas andre side –
Er hennar kjensler, tankar, like mine?
Har somrar gått, og ingen vart å sjå
På kaia der vi tok farvel den gong,
Og tida sakte viska blikka små,
Og stadig letta hennar tunge trong?
Har løftet hennar sokke djupt i dul –
Ho tokka kanskje at eg braut med mitt?
Har hjarta hennar søkt seg nye skjul,
Og stifta reir, då stille vart meg kvitt?
Er elsken berre luft og hildring mest,
Og skildrar berre tankeslottet best?

Er alle ting vi gjorde alt vi rakk,
Med minnegrepet alt i skjebne ster?
Er siste takka skvist i triste akk,
Med håpet svunne? undrar eg, og ser:
På himmelkvelvet renner kolla kvit,
Og stjernebogen etter kolla skyt;
Ho braglar før ho brenn med kjæres rit;
Og augo mine bivrar, brest og tyt
Med perler krasse, inst i augekrik,
Og dryp i broddar mot mi krøkte hand,
Og væter skrivet krølla flik til flik.
Eg rettar arket, stryk det godt i stand;
Er teiknas vakre vesen hennar lik?
Så brått det slutta sånn – det byrjar slik:

Eg kan jo skrive deg ei elv som renn,
Ei mengde blekk som fargar arket mitt,
Og setta nett kor mykje hjarta brenn,
Med ord eg vonar rettug råkar ditt.
Eg kan jo kalle deg for lagnadvenn,
Og kjære, rose, gull og eitt og hitt;
Og fylle himmelblanke deg med spenn
På side opp og opp til infinitt;
Og streke under: «Vil sjå deg igjen»
Og «tid vi fekk er ikkje tatt for gitt.»
Eg kan jo trylle fram til livs med penn,
Den geisledans i hugen, svart på kvitt.
Men kan eg veta at eg fangar den
Så at du forstår deg så betre enn?

Av: Thomas Løland

Hva: Pjotr Tsjajkovskij Variasjoner over et rokokkotema, for cello og orkesterAnne-Marie Ørbeck Symfoni i D-durHvor: Oslo konserthusNår:13. oktober kl. 19.00Hvem:Ingar Bergby dirigentSandra Lied ...
Mang en foregangskvinne har kjempet vei for de muligheter kvinner idag har fått. Noen har fått helgenstatus og er blitt ...
Kapittel 20: Den fortapte sønn Tussmørket hadde lagt seg over byen denne stormfulle julaften, men overalt var folk vite til ...