Førsteplass i Sivilisasjonens diktkonkurranse: «Linne ord» av Jostein Sæther

Skrevet av | 8. februar 2024

Redaksjonens anmerkninger: På Sivilisasjonens Poetiske aften, som ble avholdt på Fredriksborg på Bygdøy i desember 2023, ble de tre øverste plasseringene i Sivilisasjonens diktkonkurranse 2023 kåret. Det er en glede å kunne meddele at «Linne ord» av Jostein Sæther endte opp på førsteplass.

Diktene er blitt gjennomlest anonymt av juryen bestående av Håvard Rem, Bertrand Besigye og Thomas Løland. Vi understreker at den endelige rangeringen er basert på et poengsystem, og ikke nødvendigvis er et resultat av en enighet i juryen. Foreslått tema for diktkonkurransen i 2023 var «strid».

De tre øverste plasseringene vil bli publisert her på Sivilisasjonen.no og dikterne vil få tilsendt den eksklusive første- og andreutgaven av Sivilisasjonen. Diktene blir dessuten publisert i Sivilisasjonens neste trykte magasin. Selve vinneren blir intervjuet i et portrettintervju i Sivilisasjonen, og mottar litografiet «Caritas» av Jan-Ove Tuv.

Liker du det Sivilisasjonen publiserer? Bli medlem i dag, og bidra til at Sivilisasjonen kan fortsette!

Linne ord – av Jostein Sæther

Ein farang fer så vond og vill
at hjarto slutar slå, vert still;
vi gløymer glitra som Yijing
og spreia kjærleiksbod ikring.

Den ytre striden er så hard,
legg aude byar, bygd og gard;
granatane slår ned på spreng
frå stripa med ein galen gjeng.

I rampeljos, til blodig hemn  
dei skamfer, drep og ropar: Nemn   
Guds heilag namn og sei i kor:
di syster valdta, drep din bror!

Konflikt med våpen avlar vald,
gjer hjernen tom og hjarta kald.
Med blod på hendene dei døyr
ein keisam død i aude røyr.

Eg ser ikring meg, sleikjer sår,
vert makteslaus når alt forgår.
Sjå heimen vår er bomba sund   
og skoten er vår snille hund!

Kvar er du, fagnakona mi?
Sei, kvifor måtte vi få svi
for syndene til dei som trur
at mordaren skal få ei brur?

Eg tek inn alt i sjela mi,
let striden verte symfoni
av meiningar og avleggs tru;  
eg byggjer soleis semjebru.

Ein eling fer så varleg fram
igjennom landa, ikkje gram,
men logn og gagnleg òg for folk
som slengjer børsa, grev ned dolk.

All usemja vert linne ord;
i staden for forsettleg mord
vert handslag lov, og rima vers
gjer verda god på kryss og tvers.

Du unders tid! Eg har kje ord
når du kryp fram or sly og jord;
ei von i siste augneblink
bind oss i hop i evig link. 

Vår samtid dyrker stadig viktigheten av å ikke ta på «en maske», men tenker sjeldent ...
Spørsmålet «hva innebærer et lykkelig liv» har blitt analysert og drøftet av filosofer, teister og ...
Nå er det blitt meldt at den folkekjære fødestuen ABC-enheten i Oslo må stanse sin ...