Vinneren av Sivilisasjonens diktkonkurranse: «Kjæs, Porsanger» av Erlend Skjetne

Publisert 4. april 2021 av

Redaksjonens anmerkninger: De siste dagene har redaksjonen offentliggjort ett og ett av de ti utvalgte diktene i Sivilisasjonens diktkonkurranse, og nå er det på tide å avslutte med selve vinneren. Diktene er blitt gjennomlest anonymt av juryen bestående av  Ulrik Farestad, Anders Brenno og Håvard Rem. Vi understreker at den endelige rangeringen er basert på et poengsystem, og ikke nødvendigvis er et resultat av en enighet i juryen.

Alle de ti utvalgte diktene vil bli publisert her på Sivilisasjonen.no og dikterne vil få tilsendt den eksklusive førsteutgaven av Sivilisasjonen. De fem topprangerte diktene blir dessuten publisert i Sivilisasjonens neste trykte magasin. Selve vinneren får i tillegg diktet sitt filmatisert og mottar litografiet «Drifting» av Odd Nerdrum.

Førsteplassen i Sivilisasjonens diktkonkurranse er «Kjæs, Porsanger» av Erlend Skjetne. Gratulerer:


Kjæs, Porsanger

Alle liner er så lange.
Vegen, fjorden, horisonten, 
krusingar i døypefonten,
borna ein har hatt på fanget, 
hender ein har rørt med handa – 
Gullstøv gøymt i elvesanda. 

Alltid tikkar stoveuret,
reknar tusen små sekundar,
frå ein gut i vogga blundar
til ei røynsle blir ei fure,
og ein olding går til glaset,
ser seg sjølv som dogg i graset. 

Lyset skrid langs sine aksar, 
ber i flukta hausten, våren, 
slik kvar tanke sjølv blir boren 
av ein veldig fugl som flaksar 
inn og ut av timar, dagar, 
grøne enger, visne hagar. 

Ingen køyrer meir på vegen. 
Ingen seglar meir på fjorden. 
Fisken når han slår med sporden, 
slåtta når ho nyss er slegen, 
dekte bord og reidde senger – 
Syn ein ikkje røyner lenger. 

Kyrkja står med slå for døra. 
Presten, han er longo faren. 
Gjerdet fell kring kyrkjegarden, 
der ein snart skal kaste børa, 
gløyme tinga, gløyme romma, 
gå med sand og stein i lomma. 

Fjella på den andre sida, 
djupet, stranda, dette huset, 
alt det klåre, alt det duse – 
Einsam går ein ut av tida. 
Einsam ser ein dagen svinne 
og ta med seg alle minne.

Av: Erlend Skjetne

Hvis du styrer livet ditt etter idealet om å elske
-Å investere i et klassisk figurativt maleri er som å
En enighet mellom syriske myndigheter og den russiske stenindustrien gir