Dagens dikt: «Heltens farvel»

Publisert 21. april 2021 av

Heltens farvel

I fall eg døyr på skjebnesverd i kveld,
Så finst det inga sorg som trøyst di tarv;
Så fell då inkje tår i fall eg fell –
Eg lengtar heider støypt i kamp te arv.

Spar heller hjarta ditt i eige bryst,
Der mjølk di renn for deim som neste kjem.
Fø mett, frø mitt, som veks i magen tyrst,
Med kjærleg vorte, stikk si kraft på klem.

Sjøl’ skarpe øksar vert te rask og herk,
Mot mektig brynje skapt som dvergesmidd.
Med frygd eg freistar lagnadvilje sterk –
I fall eg fell hev inkje kroppen lidd.

Vet dette, kjære: Lyft i hjarta ditt,
Det vakre kring du stundom held for gitt.

Av: Thomas Løland

Mange kreative og skapende mennesker drives av en utforskertrang. Reidar
– Det er feil at alle nybygg må se ut
Det finnes to typer mennesker: de som lever for å