Den søte lære
Det herjar gamle beist i håtten hans,
Av naudsyn kjeda fast og låst i jern;
Kan høyre grove lekkjer klinge dans
mot yttersidas stillegjengde kvern.
I grunnen alt han veit og kjenner: Krig!
Og mens det dryger høve, ført seg sjøl’
Dei same krefter – inn i sinnet sig,
Så løvehjartet speglar sine brøl
Og kvesser klørne mot si eiga hud,
Og søker nye sletter ikkje tamde,
Der berre drott må bera manke prud:
Blod, knoklar, sener, musklar, nevar samde
I mannekamp om reine kraft og ære,
Med tesar sette fram i søte lære.