Dagens dikt: Filosofar

Skrevet av | 13. juli 2021

Filosofar

Kva veit han vel om livet der han sit
Og grev i sine bøker døgnet rundt?
Av mange vert han sett på som ein strunt
Som alltid støvar inne, krøkt og kvit.

«Heureka! Eg aleine sit på vit
Om lukke, dygd og dét å leva sunt,
Og ikkje dei eg alltid har misunnt»,
So talar han, og frekt forlanger lit;

Og trass han aldri vakre jenter vann,
Så preikar han det gode liv i yrke.
Med lette greier lærde misantropar

Å overtyde sjølv den kloke mann. –
Nei, best å veta: ivrig lyt du dyrke
Ein sunn forakt for alle filosofar!

En gang krøp jeg alene til køys på det låste rommet mitt i studentkollektivet, for ...
Villons gris «En ce temps que j'ay dit devant, Sur le Noël, morte saison, Que ...
3. november er sannsynligvis den viktigste datoen i år. De fleste i Norge håper sannsynligvis ...