3. plass i Sivilisasjonens diktkonkurranse: «Eg som er ute i natt» av Benedicte Rydland Hareide

Publisert 6. mai 2022 av

Redaksjonens anmerkninger: De neste dagene vil redaksjonen offentliggjøre ett og ett av de fem utvalgte diktene i Sivilisasjonens diktkonkurranse for 2022. Selve vinnerdiktet vil bli avslørt på Sivilisasjonens Poesidag som avholdes på TBS Gallery lørdag 7. mai kl. 13. Publikum er hjertelig velkommen på denne feiringen av klassisk poesi!

Diktene er blitt gjennomlest anonymt av juryen bestående av Håvard Rem, Bertrand Besigye og Erlend Skjetne. Vi understreker at den endelige rangeringen er basert på et poengsystem, og ikke nødvendigvis er et resultat av en enighet i juryen.

Alle de fem utvalgte diktene vil bli publisert her på Sivilisasjonen.no og dikterne vil få tilsendt den eksklusive førsteutgaven av Sivilisasjonen. De fem topprangerte diktene blir dessuten publisert i Sivilisasjonens neste trykte magasin. Selve vinneren får i tillegg diktet sitt filmatisert og mottar litografi av Öde Nerdrum.

Det andre blant de utvalgte diktene er «Eg som er ute i natt» av Benedicte Rydland Hareide, som endte opp på tredjeplass:

«Eg som er ute i natt» av Benedicte Rydland Hareide, lest opp av Adara S. Ryüm.

Eg som er ute i natt

Havet det buldrar og rullar imot meg og stranda ligg aude og grå
Ein skulle ikkje gått ut i vêret i kveld, når stormen skal auke på
Auke på med meir vatn som væter mitt andlet og vekkjer meg frå ein draum
Den draumen som rir som ei mare blant folket om sjukdom og smitteflaum.

To år har vi venta og vona på vona og sperra oss inne i gru
Vi vil ikkje ha nokon klem eller famntak, vi tør ikkje krysse ei bru
Og brua er meteren og aller helst to til dei som vi famna ein gong
I einsemd vi lever og tankane tyngjer, vi undergrev kjelder til song.

Eg pleide å trivast når livet vart drama og stilla var lysår ifrå
Eg pleide å elska å vere i vinden, ein sett ikkje meg i ei krå
Men kråa vart mi, for gatene tømdest, ingen var ute og rak,
Og innanfor glaset, så vart eg forsteina, og livet miste all smak.

Skyene veks, vert gråsvarte, ilskne, og eg tar endå eit steg
Eg veit kva eg ville, eg ville til botnen, la djupna få ende min veg
Eg står ikkje stødig på sjøvaska steinar, eg vaklar men rettar meg att,
Eit kast av den vinden som stryk meg så hardhendt, meg som vart ute i natt.

Brått blir eg var ei måke som skrik, som flyg alt ho maktar i ly
Så snur ho attende og leikar i vinden og prøver sin styrke på ny,
På ny vil ho trasse stormen og havet, er trygg på at vengjene held
Eg stig ned av steinen, nærmare sjøen, men nøler i beksvart kveld.

Langsamt har angsten bedøvd mine kjensler, eg vågde meg mest ikkje ut,
I kveld har eg vandra rakt ned til sjøen, men tiner for kvar ein sprut
Den spruten som fjernar støv frå ein plante, han veks til ein straum av liv
Han sleiker min støvel, han væter mitt hår, og vinden rykker og riv.

Men eg står her i stormen, det dundrar ikring meg, og gråten har bølgja tatt
Det er berre himmel, det er berre hav og det er eg som står her i natt.
Den natta eg drøymde, den guden eg gløymde, det livet eg gøymde er vekk,
Eg gjekk ned til havet når ikkje eg skulle, eg takkar min gud at eg gjekk.

Og dropane holar ut steinen på sikt, ei steinstøtte slik som meg.
Og fossregnet banar seg årer og bekkar og vaskar fram brukbar veg
Den veg eg no vandrar vekk ifrå havet, med spor på ei silvåt strand
Ei strand som har vore berging for mange, der eg sette føter på land.

Av Benedicte Rydland Hareide

I oktober ble det vedtatt at PublikUng og Sivilisasjonen inngår samarbeid, som innebærer å fremme ...
«Til syvende og sist, mine samtidige: det beste er ikke å foreta seg noe! Best ...
Torsdag den 31. mars lanseres det en nett bok som man ikke kan komme utenom ...